Publisert

CrossFit Volda – ein storsuksess i ei lita bygd

Var det ein råsjans å ta å satse på CrossFit i vesle Volda, eller var det noko heile bygda hadde venta på? Og kva gjer eigentleg ein islandsk sogning på Sunnmøre? Gründaren Sigrún Brynjarsdóttir fortel om ei lang karriere som trenar som endeleg leia ho til eigar av sitt eige senter – ein draum tufta på ønske om sjølvutvikling.

– Etter at eg slutta med handball og vart kjend med CrossFit for fem år sidan, var det ingen veg tilbake, seier Sigrún.

Ho starta som handballtrenar heime på Island allereie som 16-åring, og i 2007 byrja ho òg som personleg trenar etter å ha fullført sin bachelor i sport og idrett.

– På tida kor eg fann CrossFit budde vi i Førde, og eg vart etter kvart coach der. Så, då vi bestemde oss for å flytte til Volda, kor det ikkje fanst noko CrossFit-box, såg eg min sjanse. No var det min tur!

Fulgte hjartet

Etter så mange år i treningsbransjen fulgte ho altså hjartet sitt. Men vent litt. Kvifor skulle den CrossFit-glade familien flytte til Volda?

– Godt spørsmål! Mannen min, Hilmar, hadde vore handballtrenar i Eliteserien heime på Island i 23 år. Så fekk han moglegheit til å bli trenar her. Ungane er framleis små, så vi valde å ta sjansen og såg på det som ei moglegheit til å utvikle oss – begge to.

Sigrún såg raskt at Volda var ei bygd med godt miljø og kultur for både idrett og folkehelse. Det gjorde henne ganske sikker på at det òg ville vere interesse for CrossFit.

– Fokuset mitt vart å smitte folk med den treningsgleda CrossFit gir. Alle dei eg snakka med i Volda hadde trua både på meg og konseptet!

Utafor komfortsona

Nå ho blir bedt om å fortelje kva som er så unikt med denne sporten ho har forelska seg sånn i, er ho ikkje i tvil:

– Eg veit at det fungerar. Eg går inn for det med heile mitt hjarte, difor tenkte eg at eg ikkje har noko å tape. Vi lev berre ein gong, vi må våge å følge hjartet og bevege oss utafor komfortsona, meiner den spreke tobarnsmora.

Og gjennom å utfordre seg sjølv er ho trygg på at ho får oppleve personleg utvikling – som tross alt var det ho var på jakt etter då dei flytta frå Island til Noreg.

 

CrossFit Volda marknadsfører seg via sosiale medier som Facebook og Instagram. – Eg trur heilt klart medlemmane våre er den største reklameringa for boksen vår. Det er stadig folk som tek kontakt med oss fordi andre skryt av CrossFit og anbefalar andre å prøve det ut – det er kjekt og noko vi sett enormt stor pris på!, fortel dei to eigarane og trenarane Sigrún og Hilmar.

Jakta etter lokale

I dag held CrossFit Volda til i eit relativt lite lokale nær høgskulen. Det er perfekt, seier ho sjølv.

– Det var vanskeleg å finne lokale. Vi og mange med oss prøvde i over eit halvt år før denne sjansen bød seg. I desse coronatider er det heilt perfekt – vi har plass til 8-10 personar samtidig, det er jo det som er lov no. Særlig fordi utstyr som må kjøpast inn er ganske dyrt, tenker vi det er greit å starte i det små og heller utvikle oss seinare.

Utstyret til CrossFit Volda er frå ata treningsutstyr og har bit for bit vorte levert til Volda gjennom eit usikkert 2020.

– Du kan godt seie at det er litt galskap å starte opp noko nytt under pandemien. Men trua mi på at dette kan hjelpe folk med å kome i gong igjen etter ei tung tid var så sterk. CrossFit er perfekt for å starte opp og få ny motivasjon, meiner Sigrún.

CrossFit er trening som kan tilpassast alle og som har uendelege moglegheiter for å utvikle seg vidare. 

– I tillegg skaper CrossFit eit miljø og eit fellesskap som gir folk treningsgleda tilbake, synest grúndaren.

Ferske i CrossFit-verdenen

90 % av medlemmane no er heilt nye i CrossFit, og då er det viktig at trenarane kan komme tett på for å hjelpe med teknikk.

– Dette er viktig for å unngå skader og for å gi kvar enkelt så god framgang som mogleg det første året, fortel Sigrún.

Ho påpeiker at du ikkje har eller har hatt nokon draum om å drive stort. Ho ønskjer fokus på gode trenarar, godt utstyr og godt miljø, og så lenge ho ikkje må seie nei til folk som veldig gjerne vil bli medlem, så er boksen per no heilt perfekt.

– Medlemmane trenar fordi det er gøy, dei kjenner på eit fellesskap, og dei opplever framgang – så alle måla er i boks!