Publisert

Det lille hotellgymmet som har alt: Sunnfjord hotell

Hotellkjeden Scandic er bevisst på kundane sine ønske og behov, og dei set verdien av eit innbydande treningsrom høgt. I sommar sto det nye hotellgymmet på Scandic Sunnfjord Hotell og Spa i Førde klart.

– Vi har lenge hatt lyst til å oppgradere, og då vi såg kor bra trimrommet til Scandic Helsfyr blei, vart vi skikkelig motiverte. Då så vi kor enkelt, men utruleg bra det kunne gjerast, fortel dagleg leiar Mariel Rørstadbotnen på hotellet som har stort fokus på spa, velvære og god mat.

Prosessen har eigentleg vore enkel, fortel ho. Dei henta inn tilbud og tips frå fleire leverandørar, med fokus på utstyr med kvalitet og som ville løfte trimrommet betraktelig utan ein alt for stor kostnad.

– Med mykje god hjelp frå ata var veien kort og rask frå bestilling til levering, seier Rørstadbotnen.

 

Tok kontakt via instagram

Den daglege leiaren kjenner godt til ata fra crossfitmiljøet der ho sjølv er coach, og ho er difor veldig godt nøgd med kvaliteten på utstyret. Ho sende melding via instagram og vart satt i kontakt med salsansvarleg.

– Deretter fekk vi raskt tilbud på utstyr, skisser over korleis vi kunne utnytte det lille arealet vi har og korleis utnytte rommet best muleg. Det var litt fram og tilbake frå vår side om kva for utstyr vi ville ha, nøyaktige mål på rommet og så vidare, men salsansvarlig hjå ata var like hyggeleg og tålmodig og sendte oss raskt et nytt tilbud med det utstyret vi ønska, fortel ho.

Sunnfjord hotell valde å stå for monteringa sjølve framfor å få hjelp av ata. Dei fekk då ein god gjennomgang med ata i forkant om korleis det skulle monterast, samt at ata var tilgjengeleg på telefon dersom det skulle dukke opp spørsmål under monteringa.

– Vi er veldig godt nøgde med samarbeidet med ata, og sluttresultatet vart akkurat så bra som vi håpa, seier Mariel Rørstadbotnen.

Kondisjon, styrke og funksjonell sone

Den einaste plana Mariel & co hadde før dei tok kontakt med ata var at dei ville oppgradere treningsrommet og ha eit funksjonelt treningsrom med gode muligheter for ei god økt.

Treningsrommet har òg ein kondisjonsdel med møller, sykkel, ellipsemaskin og Concept 2 romaskin. Concept 2 og ata samarbeidar, og ata kan difor levere desse produkta som del av ein totalleveranse.

– Med utstyret frå ata har vi fått eit funksjonelt treningsrom med mulegheit for styrketrening med frivekter og manualar, pullups/gymnastics, crossfit og HIIT-økter, fortel dagleg leiar Rørstadbotnen.

– Med eit auka og viktig fokus på helse ønskja vi å tilby våre gjestar gode treningsmulegheiter når dei bur hos oss, og det kan vi verkeleg gjere no!