Publisert

Idrettssenteret i Sogndal har 3500 kvm med treningsareal – her er deira Functional Fitness-område

Functional Fitness avdeling Kvåle er namnet på det som i 2021 vart etablert som CrossFit-boks. Dei 3500 kvm store lokala som husar Idrettssenteret AS er eit eldorado for alle som er glad i å utfolde seg fysisk og sosialt.

Sidan 2021

Idrettssenteret AS i Sogndal har heile 3500kvm med areal fordelt på gruppetrening, treningsstudio, gaming, klatring og functional fitness.

– Vi går under slagordet «møteplass for trening» og skal vere eit treningssenter for dei unge og eldre lokale, samt og studentane og tilflyttarane i bygda, fortel dagleg leiar Knut Ripe.

Det var då dei etablerte CrossFit-boks i 2021 at dei fekk behov for ein leverandør som kunne levere utstyr av kvalitet til ein overkommeleg peng.

– Det opplever vi at vi fekk gjennom ata, seier Ripe ved Idrettssenteret, kor treningssenteret tilhøyrer Spenst-kjeden.

Dei tilsette opplever både kundar og kollegaer som godt nøgde med treningsutstyret, noko som er svært viktig for Idretssenteret.

– Dette er viktig for oss fordi det er med på å gjere opplevinga betre for våre besøkjande.

Idrettssenteret fekk designhjelp

Noko av det viktigaste ata gjer i starten av ein slik prosess, er i hjelpe kunden med i disponere tilgjengelege lokale. Det kan Ripe stadfeste:

– Vi fekk god hjelp av ata som designa vårt utstyr/rigg slik at denne skulle passe våre lokale.

Han fortel at dei fire år etter opplever kvaliteten på produkta frå ata som slitesterk og god.

– I tillegg har kommunikasjonen i etterkant vore rask og god. Vi set stor pris på ata si vennlege kundehantering, fortel Knut.

SJÅ ALLE VÅRE KUNDECASAR HER